Powwow: Rosendal - Norway

This discussion belongs to Powwows » "Powwow: Rosendal - Norway".
You can see the powwows page and participate in this discussion from there.


Roald Toskedal  Identity Verified
Norway
Local time: 19:58
English to Norwegian
+ ...
Program + ymse. May 15, 2012

Pow-Wow i Rosendal, 8. til 10. juni 2012.


Me samlast heime hjå meg på fredagen kl 19 til fredagspils, og den treng vel ikkje nærare presentasjon… Eg har diverre ikkje serveringsløyve, men øl og vin vert å få, og så betalar kvar og ein etter forbruk etterpå.

Hovudposten på programmet vert eit foredrag ved prof. Marit Julien, Universitetet i Lund: ”Språklige normer – tvangstrøye eller støttekorsett?” Det vert også høve til spørsmål og debatt vedr. dette.

Me har litt ”ville” planar om å ta både føredrag og lunsj ute i friluft, men det vert sjølvsagt heilt avhengig av vêret. Men me har no eit stort og godt hus i bakhanda, så ingen skal verta våte!

Og så var det dei litt dårlege nyhetene… Totalutgiftene (felles) vert på ca. kr 5000,-, og det lyt me dela. Det er vanskeleg å sei kor mykje det vert på kvar, i og med at me ikkje kjenner deltakartalet enno, men eg tek ei ”sjefsavgjerd” og seier at kvar betalar kr. 400,-, og då går det rimeleg greitt i hop, trur eg. Me delar ut innbetalingsgiro på staden.

Når det gjeld hotell/innkvartering, kan eg tilrå denne lenken:
http://rosendal.net/overnatting-seng-og-mat/
Her finn du oversikt over det som finnes av innkvartering i området (innafor +- 20 km). Det varierer frå enkle campinghytter til topp turisthotell, så det burde vera noko for einkvar smak her.

Detaljert program:

Fredag 8.06.12
19.00: Vi møtest hos Jorunn og Roald til pils/vin, uformelt samvær og lett servering.

Laurdag 9.06.12.
10.00 – 12.00: Førelesing ved prof. Marit Julien : ”Språklege normer – tvangstrøye eller støttekorsett?”
12.00 – 13.00 : Lunsj. Om vêret tillet det: Ute i det fri
13.00 – 14.00: Førelesing/debatt

16.00 – seine kvelden: ”Obligatoriske øvelsar” i vakre Rosendal: Vi ruslar rundt i parkar og på stiar, ser på baroniet og steinparken, og kosar oss i vakker natur.

Søndag 10.06.12
Heimreis, ev. brunsj hjå Roald kl 10.

Dersom nokon har ønskje om omvising på Baroniet på laurdagen, ber eg om at dei gjev melding om det, så skal eg få arrangert det.
Elles ber eg om endeleg påmelding innan 20. mai, og eg må ta atterhald om at me må verta minst 10 deltakarar før me set i gong.

Beste helsing,

Roald


Direct link Reply with quote
 

Roald Toskedal  Identity Verified
Norway
Local time: 19:58
English to Norwegian
+ ...
Diverre... May 22, 2012

No syner det seg at det berre vart 6 påmelde deltakarar, og då er ikkje dette liv laga...

Eg takkar dei som har synt interesse, og står klar til å møtast ein annan stad til ei anna tid.

Merk! Eg er ikkje "såra og vonbroten" - det vart berre ikkje interessant nok, dette her.

God sommar!

Roald Toskedal


Direct link Reply with quote
 


To report site rules violations or get help, contact a site moderator:

Moderator(s) of this forum
Lucia Leszinsky[Call to this topic]

You can also contact site staff by submitting a support request »

Powwow: Rosendal - Norway

Advanced search






SDL Trados Studio 2017 for €415/$495 with free eLearning
Get the cheapest prices for SDL Trados Studio 2017 on ProZ.com

Join this translator’s group buy brought to you by ProZ.com and buy SDL Trados Studio 2017 Freelance for only €415 / $495 / £325 / ¥60,000 For this month only – receive SDL Trados Studio 2017 - Getting Started eLearning for FREE.

More info »
Déjà Vu X3
Try it, Love it

Find out why Déjà Vu is today the most flexible, customizable and user-friendly tool on the market. See the brand new features in action: *Completely redesigned user interface *Live Preview *Inline spell checking *Inline

More info »



Forums
  • All of ProZ.com
  • Term search
  • Jobs
  • Forums
  • Multiple search